Driv du verksemda di smart?
Bedriftsforbundet inviterer til nettverksmøte med organisasjonsforma "samvirke" som tema.
- Samvirke gir oss det beste frå både enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Med "Norges mest verna løyndom" slepp du startkapital og utgifter til revisor, og får fulle trygderettar, seier Marit Bendz. Den prisløna frilansjournalisten har lang erfaring med samvirkeforma, som ho ikkje kan få fullrost nok. Ho vil på møtet orientere om kvifor ho valde denne organisasjonsforma, og kva erfaringar ho har hatt, både i møte med kundar og det offentlege.
Tid: Torsdag 21. januar kl. 18.00 - 20.00
Stad: Galleri Krydder, Sogndal
Møt opp og få informasjon, gode råd og utvid nettverket ditt. Galleri Krydder stiller med mat & drikke.

Frilansjournalist Marit Bendz driv samvirke Skrifta & Veggen
saman med sivilarkitekt Jan Ludvig Hundvebakke. (Foto: Simin Sabri)
Les meir på:
Pris: Gratis for medlemar av Bedriftsforbundet. Kr. 100,- for andre.
Påmelding til: Oddrun Midtbø (nestleiar i Bedriftsforbundet Sogn og Fjordane)
Mobil: 95 86 17 76 epost: oddrun@oddrun.com før onsdag 20. januar.
Arrangør: Bedriftsforbundet Sogn og Fjordane